– Dersom det var godt stoff i meg skulle jeg gjøre det jeg skriver om her.
Om eg var ein skrivar av ypparste slag
med meining om samfunn’ i kring meg
då skulle eg leike med pennen kvar einaste dag
og folk sku’ ta det eg skreiv til seg
Eg skulle skrive med blekk som var blått
for det er ein farge eg likar
Den minner om himmel og konungens slott
der døra gjeng opp for ein svikar
Eg skulle skrive om liv og om død
og om tilhøva folk imella
om korleis hjelpe ein fattig med brød
fjerne nauda frå sjø opp til fjella
Men kan hende skreiv eg ikkje godt nok
så folk ikkje las det eg ville
då laga eg kiste med tettaste lokk
og let der mine råd ligge stille
.
.
.
.
.
2011
.
.
.
.